Livet på loftet - Weblogg for Egil |
Post Reply |
Author | |
eginor
Medlem i MJF Joined: 13 november 2004 Location: Norway Status: Offline Points: 102 |
Post Options
Thanks(0)
Posted: 09 august 2008 at 20:06 |
9.August 2008
Då var det endelig på tide med ein liten framdriftsrapport frå livet på togloftet. Eg bygger i H0 med peco kode 75 skinner og veksler, og med DCC drift. Forbildet er henta frå Norge i tidsrommet 1995 til dags dato. Anlegget er planlagt som eit toetasjes anlegg med ein helix eller liknande i kvar av endane. Mest truleg blir anlegget bygd i E form, men veien blir til litt etter som eg går. Etter planane får eg då plass til ein større oppstillingsstasjon i underetasjen. Bygginga er litt prega at vi skal flytte om eit års tid, og anlegget byggas derfor i seksjoner som relativt enkelt kan tas frå kvarandre når den tid kjem. Eg er no ferdig med all skinnelegging og kobling på hovedstasjonen på anlegget. Denne består av tre seksjoner på henholdsvis 120cm, 80cm, og 120cm. Den midterste seksjonen kan fjernast dersom behovet for mindre plass ein gong skulle dukke opp. Utgangspunktet til forbildet er Asker stasjon, men eg har tatt meg ein del friheiter etter dette. Stasjonen er bygd for dobbeltspor, men hovedtanken er at desse skal gå inn i ein tunell på kvar ende av stasjonen (som Asker) og vere skjulte vidare, mens det går ei enkeltspora linje (ala Spikkestad) som blir sjølve det opne anlegget. Dette gir meg muligheit til lange passasjer og godstog inn og ut av "Asker", mens eg og får trafikken på enkeltsporet. Her vil det bli sidespor til bedrifter, kryssingspor og ein endestasjon med muligheit for skifting. Utkjør mot resten av anlegget blir nærmest i bildet. Har laga meg ein midlertidig kontrollpult. Skal etter kvart bygge meg ein større. Har i mellomtida ein del elektriske utfordringer å løyse. Ein del er no foreløbig kobla etter MacGywer metoden. Under bygginga erfarte eg at berre persontrafikk lett kunne bli einsformig. Eg tok meg derfor friheiten og bygde eit sidespor med godslager for litt meir variert trafikkgrunnlag. Slik er ståa for denne gong. No er det straks tid for nok eit hektisk halvår med studier som nok forsinker vidare bygging ein del. Fortsettelse følger..... Edit: prøver meg litt fram for å finne rett bildestørrelse...... Edited by eginor - 09 august 2008 at 20:21 |
|
Mvh Egil
|
|
jevistad
FREMO-forummedlem Joined: 02 november 2004 Location: Norge Status: Offline Points: 1286 |
Post Options
Thanks(0)
|
Dette blir spennende å følge med på!
Fint at du tar deg bryet med å eksperimentere med å tilpasse bildebredden til websiden så man slipper å skrolle sideveis.
Selv har jeg vel funnet ut at en bredde på 750 pixler er passe.
|
|
Post Reply | |
Tweet |
Forum Jump | Forum Permissions You cannot post new topics in this forum You cannot reply to topics in this forum You cannot delete your posts in this forum You cannot edit your posts in this forum You cannot create polls in this forum You cannot vote in polls in this forum |