MODELLJERNBANEFORENINGEN I NORGE (MJF) - forum

  New Posts New Posts RSS Feed - Livet på loftet - Weblogg for Egil
  FAQ FAQ  Forum Search   Events   Register Register  Login Login

Livet på loftet - Weblogg for Egil

 Post Reply Post Reply
Author
eginor View Drop Down
Medlem i MJF
Medlem i MJF
Avatar

Joined: 13 november 2004
Location: Norway
Status: Offline
Points: 102
Post Options Post Options   Thanks (0) Thanks(0)   Quote eginor Quote  Post ReplyReply Direct Link To This Post Topic: Livet på loftet - Weblogg for Egil
    Posted: 09 august 2008 at 20:06
9.August 2008



Då var det endelig på tide med ein liten framdriftsrapport frå livet på togloftet.

Eg bygger i H0 med peco kode 75 skinner og veksler, og med DCC drift. Forbildet er henta frå Norge i tidsrommet 1995 til dags dato.

Anlegget er planlagt som eit toetasjes anlegg med ein helix eller liknande i kvar av endane. Mest truleg blir anlegget bygd i E form, men veien blir til litt etter som eg går. Etter planane får eg då plass til ein større oppstillingsstasjon i underetasjen.

Bygginga er litt prega at vi skal flytte om eit års tid, og anlegget byggas derfor i seksjoner som relativt enkelt kan tas frå kvarandre når den tid kjem.

Eg er no ferdig med all skinnelegging og kobling på hovedstasjonen på anlegget. Denne består av tre seksjoner på henholdsvis 120cm, 80cm, og 120cm. Den midterste seksjonen kan fjernast dersom behovet for mindre plass ein gong skulle dukke opp.

Utgangspunktet til forbildet er Asker stasjon, men eg har tatt meg ein del friheiter etter dette. Stasjonen er bygd for dobbeltspor, men hovedtanken er at desse skal gå inn i ein tunell på kvar ende av stasjonen (som Asker) og vere skjulte vidare, mens det går ei enkeltspora linje (ala Spikkestad) som blir sjølve det opne anlegget. Dette gir meg muligheit til lange passasjer og godstog inn og ut av "Asker", mens eg og får trafikken på enkeltsporet. Her vil det bli sidespor til bedrifter, kryssingspor og ein endestasjon med muligheit for skifting.

Utkjør mot resten av anlegget blir nærmest i bildet.




Har laga meg ein midlertidig kontrollpult. Skal etter kvart bygge meg ein større. Har i mellomtida ein del elektriske utfordringer å løyse. Ein del er no foreløbig kobla etter MacGywer metoden.




Under bygginga erfarte eg at berre persontrafikk lett kunne bli einsformig. Eg tok meg derfor friheiten og bygde eit sidespor med godslager for litt meir variert trafikkgrunnlag.





Slik er ståa for denne gong. No er det straks tid for nok eit hektisk halvår med studier som nok forsinker vidare bygging ein del. Fortsettelse følger.....



Edit: prøver meg litt fram for å finne rett bildestørrelse......

Edited by eginor - 09 august 2008 at 20:21
Mvh Egil
Back to Top
jevistad View Drop Down
FREMO-forummedlem
FREMO-forummedlem
Avatar

Joined: 02 november 2004
Location: Norge
Status: Offline
Points: 1286
Post Options Post Options   Thanks (0) Thanks(0)   Quote jevistad Quote  Post ReplyReply Direct Link To This Post Posted: 09 august 2008 at 20:31
Dette blir spennende å følge med på!
 
Fint at du tar deg bryet med å eksperimentere med å tilpasse bildebredden til websiden så man slipper å skrolle sideveis.
Selv har jeg vel funnet ut at en bredde på 750 pixler er passe.
Back to Top
 Post Reply Post Reply

Forum Jump Forum Permissions View Drop Down

Forum Software by Web Wiz Forums® version 12.05
Copyright ©2001-2022 Web Wiz Ltd.

This page was generated in 0,047 seconds.